NY BLOGG - ATTER EIN GANG

Okei, eg har bestemt meg. ny blogg it is. no more crapk1d (berre litt..) så.. see you on the other side? http://www.hysteri.blogg.no
image2

r.i.p glattetang

glattetangi er d-ø-d. gammalt nytt egentlig. eg har gått med krøllar heilt sidan tirsdag faktisk!(!!) ja, det er heilt vilt.. men i dag var lm i sogndal, og der kjøpte ho faktisk ei ny glattetang! wihi, curlyhead time is ovah! (neh. nevah!) 
hehehheee
om eg seier at eg har laga ny blogg, så seier du....? 

pizzasteiking og.. chill

i dag har eg steikt fleire titalls pizza-ar. jess, once again; baggisklanen! joda, gikk supert det. har eg nevnt før at fredagar er ganske.. "chill" på skulen? seriøst. første time er det musikk som vel.. ikkje er så mykje teori. i dag spelte nokon band, mens me andre gjekk opp i klasserommet og skulle skriva ein bluestekst. me fikk ein time på oss. (me gjorde ingenting, og "kom ikkje fram til ein tekst", så dei siste fem minuttane kom læraren opp til oss og fant på ein tekst på under eitt minutt, så reiste me ned til musikksalen og sang han i lag med bandet.. wow.) så er det klassens time, der me.. snakkar om alt annart enn skulen, etterfulgt av utdanningsval der me er på dataen (under klassens time og utdanningsval er det nokon som er og steiker pizza da, som i dag var mi gruppa), og etter det kjem den einaste timen med litt teori, nemlig naturfag. så er det gym! hah, flotte greier det. dagen går i alle fall fort!
snapshot fra dagens musikktime. brainstorming indeed. 

pepperkaker med gelètoppar!

etter skule var slutt i dag steikte eg 6-7 pakker med kjøtdeig på skulekjøkenet. jepp, baggisklanen! det var egentlig heilt okei. høyrte på musikk, steikte èin pizza til oss som var der, og solfrid sa til og med at me fikk ta èitt saftglas kvar før ho suste avgårde. (men ikkje snakk om at me skulle ta meir enn det eine glaset. for om me gjorde det, så kom ho til å merka det, for ho visste nemlig kor mykje ho hadde, sådetså.) jobben vart fort gjort, og me vart ferdige på ein time. så ja, heilt okei faktisk! og sjå kva eg lagde ista(!):
1

11. nov. 2009

eg kunne ikkje ha vore meir lei matte no.. eg har komme fram til at om eg fortsetter å rekna meir no, så kjem eg til å gløyma ting eg allerede har klart å (endelig) læra. om du skjønnar. så ja, no er det nok matte. prøven får gå som han går den. pyttpytt da liksom.
*host-host* he-he.

neidaså, eg får vel fortsetta å eta ballerinakjeks og pepperkaker (ja! eg eter pepperkaker òg eg! iiiih). no skal eg sjå haos på tv før eg <3legger meg<3! (can't wait!!!)

tommel opp for matte

har eg nevnt at eg elskar matte? 
1
og alt som har med matte å gjera? 
2
brb, skal ned å rekna <3333333

verdens søtaste nabo!

heilt fra eg var liten av, har eg hatt verdens søtaste nabo. om han såg meg på veg inn døri heima så ropte han på meg og spurte om eg hadde lyst på karameller. om eg møtte han på veg til postkassa så spurte han om eg hadde lyst på karameller. (detta kunne høyrast ut som starten på ein veldig creepy story, men neida!) eg og nikolai (nok ein nabo!) pleidde å ringa på hos karamellemannen (ja, det var navnet han fikk), og da vart han alltid så glad, så gav han oss karameller og seigemenn. om sommaren plukka me blomster til han, så ringte me på og fikk karameller og seigemenn. slik var det berre. 

det har no blitt ei god stund sia eg ringte på hos karamellemannen. men som du kanskje har fått med deg, har eg nettopp fått gitt ut takkekorti fra konfirmasjonen min, og så klart var karamellemannen ein av dei som det skulle leverast takkekort til! og guess what? i dag låg det ein pakke i postkassa til meg. ein heil boks med godteri! seigemenn, bamsemums, sjokolade, fox og ja-så-klart; karameller! han hadde til og med pakka det inn og skrive eit lite brev til meg. herregud, fikk tårer i augene eg. nesten. ja, nesten. 

2

pepperkaker og melkehjerter

i dag reiste eg ut og møtte sofie (som vart kjempeglad for at eg hadde på meg vottane eg fikk av ho!). me gjekk ned på tangen og handla tyggis før me gjekk heilt opp på toppen av tippen og inn til sofie. me skrudde av lys, fant fram pepperkaker og melkehjerter, melk til sofie og juice til meg. så slo me så klart på one tree hill på tv-en. hihi, koslig! så vart det litt fleire program å sjå på tv-en og latterkrampar å få før eg gjekk heim igjen. no ser eg på kvitt eller dobbelt på tv-en, som eg egentlig syns er veldig kjedelig.. men men!
3

6. november '09

i dag har eg: ♣ utfordra mattekunnskapen min ved å selga pizza på tinesalget ♣ svømt hundre meter på tid ♣ fått eit vottepar av sofie ♣ latt vera å glatta håret mitt (mhm, heilt sant!) ♣ gleda meg til camp senkveld ♣ gått skumle vegar i kulden bort til eline (og william). på rekordtid! ♣ lært korleis ein skjærer opp paprika ♣ sett x-factor og ete taco med eline og william ♣ drukke (nesten) to flasker med julebrus ♣ sett ein video av to kattar som diskuterar ♣ fått eit lite latter-anfall som gjorde at eg fikk litt ilt i magen ♣ (og jada, eline!) vore takknemmeleg for at eg slapp å gå heim. 
1
(♣ og lagt ut eit bilde fra forrige gang eg åt taco med eline.)

i don't know what to do

hospiteringen er ferdig, rle-prøven er gjort og takkekort for konfirmasjonen er gjett ut (ikkje alle heilt enda, men dei fleste i alle fall). og altså, eg skjønnar ikkje dealen med at alle har troll på postkassa si? nei seriøst, eg lurer! kvifor? 

i dag har eg ingen prøvar å øva på, and it feels good! haha. har bestemt at i helgi skal eg øva på matten og/eller samfunnsfagen. eg veit ikkje heilt om det er først- eller sistnevnte prøve eg gruar meg mest til. huff huff, det går vel som det går. og hey! det er (endelig) fredag i måro! nei, no skal gjera ingenting! og ja; eg likare. over og ut! 

hospitering(!) og rle-prøve(...)

ja okei da, så var ikkje hospiteringen  kjedlig. var faktisk litt moro! grunnen til at eg trudde det kom til å bli så kjedlig som eg trudde det skulle bli var vel fordi da eg sist hospiterte, var det på studie og ja.. det var ikkje sånn over-the-top-morsomt. å gå på studie blir på ein måte å gå det samma som eg har gått i snart ti år no, og vel... eg er lei. men joda, eg vil fortsatt gå på media og kommunikasjon og er fortsatt lika messed-up-inside. (fint ja!) men nei, rle-boki ventar.. (takk gud for ballerinakjeks..)
black and white

min kvardag. i dag.

stort bloggfravær og greier! ooops. (okei, kanskje ikkje mykje større fravær enn ellers.. men men!) i dag har me hatt litt besøk, og eg har sett 71 grader nord og ete ballerinakjeks. planen var egentlig å begynna å øva på rle-prøve, men neida. eg skreiv ned ein del, men det er ikkje mykje eg har fått med meg. skjerpings i måro! speaking of i måro... me skal på hospitering i måro! noko eg egentlig ikkje har så veldig lyst til. hehe. moro. superfun! liksom. men eg får vel berre dra meg avgårde. og berre sånn forresten heilt til slutt, herregud for ein vind det har vore her i dag! heilt vilt. eg vart tatt av vinden på veg til skulen i dag. berre spørr andreas. heilt sant. (han trudde ikkje heilt sine eigne auger..) og èin ting til! eg har vurdert å kanskje slutta å bruka parantesar når eg skriver her på bloggen. det blir så overload.. om du skjønnar. (men berre kanskje altså!) 
2

søndag med sofie!

i dag fikk eg ikkje sova så lenge som eg vanligvis hadde gjort. pappa bestemte seg nemlig for å støvsuga huset grytidlig! (les: klokka tolv) så nei, da vart det ikkje meir søvn på meg, og i halv to tiden var eg oppstått! (haha, "oppstått"...) dagen gjekk seint videre som søndagar pleier å gjera, heilt til sofie kom ned med nok ei lista over sangar ho ville ha. superdupert! me tok òg sjølvsagt überstygge bilder av oss sjølv som gjorde at me fikk veldig-veldig ilt i magen (om du ikkje skjønnte; av latter), så drakk me julebrus og åt potetgull og sjokolade. (vel, eg åt.) no har eg ei tyskleksa som uheldigvis må gjerast..
sndag

takkekort-faenskap

eg har klart å utsetta å senda ut takkekort for konfirmasjonen min i heile fem månedar. men i dag sa pappa at det var "siste sjangse". "har du lyst til å ha noko du skulle ha sagt, sei det no". så joda, eg har pint meg gjennom haugen med bilder av meg sjølv fra konfirmasjonen og komme fram til at herregud så stygge dei var. det regna faktisk den dagen, så håret mitt var frizzy/krusete/whatever (du har så god grunn til å kalla meg fluffy olav..) og eg smilte omtrent ikkje på nokon av bildene. ja altså, eg er faktisk sånn at eg hatar at folk tek bilder av meg. men eg kan fint ta bilder av meg sjølv! ehe..
333

sleepygirl_94

eg har av ein eller anna rar grunn veldig lyst til å sova akkuratt no, men eg har òg lyst til å blogga, så da blir det litt blogging før eg hoppar til sengs. (fint!) i dag svømte me 300 meter sculling (les: retard-svømming) og hadde litt kva-skal-det-kallast... fribading!(?) etterpå. ein morsom badetime for ein gangs skyld... så har eg så klart sett på x-factor i dag og funne ut at eg syns gabrielle lignar på natasha bedingfield, at lise har lik stemma som joss stone og at tommy kan til tider høyrast ut som kjartan salvesen. (berre at eg likar tommy mykje bedre enn kjartan salvesen. berre så det er sagt altså). 
5

you call it superstar

no vil eg virkelig ha helg. denna veka har på èin måte gått veldig fort, men på ein an måte gått veldig seint. i dag har eg faktisk rydda rommet mitt, så no kan eg faktisk sjå golvet mitt! flink nina, flink! så tok eg ein etterlengta lang dusj i sta. så har eg satt itunesen min på heilt sånn random, så det kjem litt forskjellige sangar. sangar eg hadde gløymt at eg hadde, sangar eg ikkje har høyrt på lenge osb. det er fint å gjera i blant det! 
1 3
oh yes it is... another picture from oslo! 

trøtt, - check!

i dag har eg vore så trøtt så trøtt... mhm. no har eg egentlig berre lyst til å legga meg, men eg må få med meg house først(!). så no skal eg straks ta på meg nattkle, så skal eg eta litt ballerinakjeks og sjå house, så skal eg legga meg. føles ut so eg kan sova i... sju evighetar. og ja, her har eg vore i dag: 
blogggg

..og litt meir høst

uno

dos

tres

quattro
jessda, no har eg redigert litt bilder fra i går og ja okei da, så er høst kanskje litt fint. ogeehh, korleis er det å ha punktert ei lunga for fjerde gang lm? :) og forresten, - eg har ete vafler òg! 

verdens beste band!

som du kanskje har fått med deg, var eg på konsert med muse på søndag. eg har ikkje klart å samla tankane mine rundt kva eg skal skriva her om konserten, sjølv om olav gav meg ei deadline. eg klarar ikkje sei annart enn at herregud, det var ein så ekstremt bra konsert. herregud. eg får gåsehud av å tenka på det. ja, gåsehud faktisk. 
blogggg

blogggg

blogggg
foto // privat
(ja, eg veit bildene er elendige... dei er tatt med vetle-kameraet! hihi) 

at grand hotel

jepp, no har eg sete i buss i seks timar, og er endelig framme i oslo og har sjekka inn på grand hotel. wihu. eg har allerede råkke å sett siv jensen faktisk! fantastiske greier altså. planane videre er vel kanskje å få oss noko å eta ein eller anna plass ute, (0mg, såg burger king på vegen opp hit!) såehh... så blir det konsert!(!!!!!!!!!!!) eg trur eg gledar meg eg!
webcam2009102515574

241009/123

1234567

287654

98765347
hekta på vatn kanskje.

i got some new shoes

ja okeida, så er dei kanskje ikkje heilt nye. dei er vel heller nærmare eit par år gamle. men men, fine var dei, ikkje sant? mhm. i dag har eg gått fredsmarsj, så joda, - no blir det fred i verden skal du sjå! så har eg òg vore i lærdal til tannlegen, tshjempe tshjekkt! eg og lm er aleina heime til søndag (da me forresten skal på muse konsert. ja, berre sånn btw.), så no blir det snart x-factor òg! aaahh, endelig helg! .... (<33333 lzm)
3456

1234567765

utdanningsmessa, mhm

i dag vakna eg og følte at oi, noko er gale. eg fant fort ut at det var fordi klokka var altfor mykje. eline som er heime i norge igjen ringte meg eit par gangar + andreas og før eg rakk å tenka over det var eg ute på veg til skulen. ja, så fort gjekk det! (skills!) så hadde me skule fram til klokka elleve, da me tok bussen opp i øvre og reiste på utdanningsmessa. så lite intressert som eg var så vart eg lei ganske så fort. men det vart ida òg det! men men.. eg fikk jo refleks og ein penn da. det var jo.. supert! og grunna mangel på bilder som har noko med teksten å gjeraaa sååå... random bilde! (og tre dagar til muse!)

i can't hurt you anymore

sofie har pynta meg i dag! ho har malt blomster på meg. det eine bladet har "gått litt ifra kvarandre", men det er berre fordi eg smiler så mykje det vel. i dag hadde eg så lite lyst til å stå opp at eg bestemte meg med ein gang for at eg skal legga meg tidlig idag, og det skal eg! og eg gledar meg! skuledagen har vore so c-r-a-p at ja.. at det ikkje er vits i å skriva om! fire dagar til muse!
765434

couldn't even get an answer

i dag reiste eg ut med andreas, og endte opp med å møta på fleirfoldige folk, og eg fant ut at mikael kan ha bra musikksmak, sånn... til tider. så, det var vel.. småstilig? menmen, no blir det grey's anatomy! 
fffff123
eg hang meg på trenden og tok eit... høstbilde? 
7634565
så tok me bilde av føtene våres. (alle veit vel at eg har ein slags obsession?)
5678654
og andreas, han hoppa og dansa heim igjen han! 

a little of the good life

eg høyrer på kina grannis fordi ho har så finfin musikk, og eg leser i bladet som kom rett i postkassa på fredag (slik ein luksus!). kva gjer du? 
edit: ja, animasjonen har blitt litt fail. me tek og frys han til èitt bilde me. 

eksfaktordaliksom

i dag hadde me naturfagsprøven, så no er eg ferdig med å masa om den, berre så du veit det. i siste time hadde me gym og gikk tur ettersom skulen ikkje ville ha oss der lenger. (var visst ikkje plass til oss nei..) så ja, eg gjekk heile vegen å prøvde forgjeves å læra mikael gangetabellen (ja, det er heilt sant!). men men, no er det endelig helg, og eg har ingen prøvar å tenka på og det likar me. eg såg x-factor og åt brownies i sta, og hm. eg har ikkje heilt klart å finna ut kem som er min favoritt på x-factor. eg må tenka litt på det.  

kill me when the lights go off

eg tok meg nett ein liten pause på fem minutt fra naturfagen i sta men vips! så hadde det gått ein time. ehhee.. eg føler det er verdt å nevna at eg har skrive svari på alle spørsmåli eg må kunna, og at det vart heile ti sider. ti. sider. (!!) 

så har eg prøvd å fått pappa til å reisa ut å kjøpa julebrus til meg, men gjer han det? nei. han "vil nemlig ikkje ut i den kalde bilen". hmf, snilt. men nei, no blir det house på tv så skal eg lesa litt meir før eg legger meg til å <3sova<3. 

naturfag er æsj..

jess, i dag blir det naturfagsprøve-øving! åjaada. blir visstnok 27 spørsmål, men dei kjem alle fra boki. så alt eg må gjera da er berre å læra meg svaret på 60 spørsmål. berre. heh, eeaasy. menmen, eg begynnar ikkje heeeeilt enda.. kanskje sjå friends og eta litt ballerinakjeks først, m'mm? 

let's play dress-up!

her ligger eg i sofaen og gjespar. åherregud-eg-er-så-slask.. men altså, det er resultatet av det minimale eg fikk av søvn i natt(!). planen for i dag var egentlig å begynna å øva til naturfagsprøve, ettersom det er 101 sider det er snakk om, men altså.. på fredag. det er jo leeenge til, ikkje sant? neida, eg skal øva i måro, for eg kan nemlig ingenting. naturfag er vel ikkje akkuratt mitt beste fag for å sei det slik.. men nei, lat oss sjå litt lady gaga outfits! 



foto // flickr
no skal eg gjera tysk-leksa mi, hø-hø..! 
eldre bloggpostar » November 2009 » Oktober 2009 » September 2009
hits